Innbyggarar i alpelandsby protesterer mot turistar

Tusenvis av turistar vil nyte utsikta i landsbyen ved Alpane.

I Hallstatt i Austerrike bur det 700 innbyggarar. Men i ferien kan byen få så mange som 10 000 besøkande kvar dag, skriv BBC.

Dei som bur der, seier no at dette rett og slett er for mange besøkande. Dei ønsker derfor ei grense på kor mange som kan besøke Hallstatt kvar dag. I tillegg ønsker dei eit forbod mot turbussar etter klokka fem på ettermiddagen.

Tidlegare i år sette innbyggarane også opp ein mur av tre. Muren plasserte dei ein stad mange liker å ta bilde, slik at han skugga for fjella i bakgrunnen. Men innbyggarane måtte fjerne muren etter protestar i sosiale medium.

Ordføraren i Hallstatt har sagt at han skal redusere talet på besøkande med ein tredjedel.