Idrettslag kutta prisen for å inkludere fleire

Hos Sportsklubben Trane får alle spele fotball og innebandy, uansett om dei har råd til å betale eller ikkje.

For dyrt å drive med idrett?

Rapporten «Økonomi som barriere for idrettsdeltakelse» frå 2020 undersøkte kor mykje det kosta å halde på med ulike idrettar. Rapporten viste at for ein 9-åring kosta det gjennomsnittleg 3600 kroner i året å drive med idrett. Det som kosta var blant anna medlemskontingent, utstyr og deltaking på arrangement.

LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor bestemte SK Trane på Slettebakken i Bergen å sette ned prisen for å vere medlem. Det førte til ein auke i talet på medlemmar.

No kostar det 700 kroner årleg å spele fotball for aldersgruppa 7 til 14 år. For innebandy er kontingenten på 300 kroner i året. Og viss du har eit søsken som allereie er medlem, betaler du berre halv pris.

SK Trane klarer å halde kontingenten så låg ved å søke ulike støtteordningar, og ved å leige ut klubblokalet til nærmiljøet når det for eksempel er dåp eller konfirmasjon.

Alle er velkomne

Men av dei om lag 160 medlemmane som er med på aktivitetane i idrettslaget, har rundt 20 prosent ikkje råd til å betale.

– Hos oss får dette ingen konsekvensar for barna. Alle er velkomne! seier leiar i SK Trane, Arild Hovland.

Bergen kommune og Idrettsrådet i Bergen har ulike ordningar der klubbane kan søke om å få dekt noko av summen for dei som ikkje klarer å betale.

LEIAR I SK TRANE: Arild Hovland arbeider for at fleire barn skal få delta i idrett. Foto: Privat

Arild synest det er meiningslaust når idretten blir så dyr at barn ikkje har råd til å delta.

– Alle barn bør ha like moglegheiter til å prøve ut mange idrettar gratis. Dette for at dei skal kunne finne den idretten som over tid kan gi dei stor glede, og som gjer at dei held lengre på med sin idrett, seier han.

Gjer idretten inkluderande på fleire måtar

For seks år sidan SK Trane noko dei kallar LIM på Slettebakken skole. LIM er ei forkorting for leksehjelp, idrett og mat.

Tre dagar i veka får barn på 5., 6. og 7. trinn prøve ulike idrettar som fotball, innebandy, basketball, turn, tennis, klatring, skøyter og dans – heilt gratis. Etter treninga får dei eit måltid og hjelp med å gjere leksene.

For å få det til å vere gratis søker dei som driv LIM støtte frå mellom anna kommunen og fleire stiftingar.

– No er tilbodet utvida til fleire barneskular, og Idrettsrådet i Bergen har tatt over ansvaret for ordninga, fortel Arild. Han synest det er flott å sjå kor godt skulane og idrettslaga i nærmiljøet samarbeider.

Og sjølv om hovudfokuset er på å skape idrettsglede, har det inkluderande idrettsmiljøet også gitt sportslege resultat.

– Eg har opplevd at elevar som har fått prøve seg på andre idrettar enn dei såkalla folkeidrettane, har gjort det så godt at dei på landbasis har utmerkt seg på sitt alderstrinn. Det gler meg, smiler Arild.

KLATRING: Ein av idrettane barn som går på LIM får prøve, er klatring. Foto: Privat

 

Er det for dyrt å vere med i eit idrettslag?

Er det for dyrt å vere med i eit idrettslag?

Ja23
Nei7
Veit ikkje14
Svar totalt: 44