Framande artar kan laga alvorleg trøbbel for norsk natur

Over 150 uønskte framande artar kan invadera norsk natur, viser ei ny undersøking.

For første gong sidan 2018 har Artsdatabanken kartlagt kva nye plantar, insekt og dyr som har spreidd seg eller er i ferd med å spreia seg i norsk natur, skriv Dagbladet.no.

– Eit varmare klima gjer at stadig fleire framande artar kan få fotfeste hos oss, fortel Artsdatabanken til Dagbladet.no.

På dørstokken

Det finst 157 såkalla dørstokkartar. Ein dørstokkart er ein framand art som enno ikkje kan reprodusera seg sjølv utandørs i Noreg. Men, dersom artane får fotfeste i Noreg, kan dei ha negativ effekt på 29 artar som allereie er trua, skriv Artsdatabanken.

ALVORLEG: Eit av dei mest alvorlege skadedyra globalt sett, brunmarmorert breitege, er blant dørstokkartane. Billa øydelegg frukt. Foto: U.S. Department of Agriculture, Public domain / Wikimedia Commons