Møt verdas mest høglydte dyr

– Lyden kan vera farleg for oss menneske, seier biolog Heike Vester til Ung.Forskning.no.

Rekordane til kvalane
  • Spermkvalen lagar høgast lyd.
  • Blåkvalen er det største dyret på jorda.
  • Nebbkvalen er pattedyret som dykkar djupast.

(Kjelder: Ung.Forskning, WWF & Science News Explorer)

LES FAKTALUKK FAKTA

Spermkvalen har verdsrekord i høge lydar. Kvalane lagar klikkelydar som kan nå andre spermkvalar som er fleire kilometer unna.

– Dei bruker ulike klikkemønster for å snakka saman, seier biolog Heike Vester til Ung.Forskning.no.

Mat eller fiendar

Klikkelydane blir også brukte til ekkolokalisering. Det betyr at dei sender ut lydar for å sjekka om lydane treff noko – om lyden gir ekko. Slik kan dei finna ut kor det er mat eller fiendar.

Lydane frå kvalene kan nå opptil 236 desibel. Ein samtale mellom menneske er på rundt 65 desibel. Sirena frå ein ambulanse er opptil 121 desibel, og eit jetfly som tek av er 150 desibel.

– Det kan vera farleg for menneske å dykka med spermkvalar fordi klikkelyden kan sprengja trommehinna vår, fortel Vester.