Tørste tomatplantar roper etter vatn

Forskarar har klart å fange lyden av tørste tomatplantar.

Svt.se skriv at lyden plantar lagar når dei er tørste, vanlegvis er i for høg frekvens for mennneske å høyre. Men ved hjelp av spesielle mikrofonar har forskarar ved Tel Aviv University klart å spele inn lyden av ein tomatplante som roper etter vatn.

Høyr lyden av tomatplanten på svt.se.

Lyden høyrest ut som klikkelydar og blir laga av luftbobler inne i planten.

Sjølv om menneske ikkje kan høyre lyden av plantane til vanleg, kan andre dyr, som flaggermus, høyre ropa til dei tørste plantane. Forskarane fann også ut at plantar lagar lyd når dei er skada.