– Du kan ikkje sjå på ein person at dei slit

For mange er mat eit vanskeleg tema, og kropp er endå vanskelegare. Når ein har det vondt, kan det vera fint å ha nokon å snakka med.

Treng du nokon å snakka med?

Om du har spørsmål om eteforstyrringar eller treng nokon å snakka med kan du kontakta ROS på nettsida nettros.no

Spiseforstyrrelseforeningen har òg ein informasjons- og krisetelefon der du kan få råd, hjelp og nokon å snakka med 22 94 00 10.

LES FAKTALUKK FAKTA

Marianne Clementine Håheim jobbar for Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS), ein organisasjon som jobbar for å hjelpa personar som slit med mat og kropp. Ho meiner mange har misoppfatningar kring kva eteforstyrringar er, korleis dei fungerer og kven som kan ha dei.

– Mange trur at dei einaste som kan ha eteforstyrringar er unge jenter som er veldig tynne, men dei aller fleste har det ikkje sånn, fortel Håheim.

Det er ikkje rart at mange trur det, dei fleste framstillingar av eteforstyrringar er tynne tenåringsjenter som ser seg i spegelen og ikkje liker kva dei ser, men i røynda kan personar i alle aldrar og med alle typar kroppar streva med dette.

– Det har eigentleg ganske lite å gjera med korleis kroppen ser ut. Mykje av det handlar om vonde tankar og kjensler som surrar i hovudet. Om du tenkjer så mykje på mat og kropp at det blir vanskeleg å tenkja på andre ting, eller vera med på ting du plar synest er kjekt, kan det vera fint å snakka med nokon, seier ho.

Handlar ikkje berre om kropp

SNAKK: Marianne Clementine Håheim frå ROS fortel at det kan vera vanskeleg å nå ut om ting ein slit med, spesielt når ein føler alle andre får det til. Foto: Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS)

Alle kan ha eteforstyrringar, uavhengig av kjønn, alder, vekt og helse. Eteforstyrringar er psykiske sjukdommar, som betyr at den utviklar seg i hovudet. Ein person med eteforstyrring kan sjå heilt vanleg ut og verka som at dei har det fint, men ha det vondt på innsida.

– Du kan ikkje sjå på ein person at dei har ei eteforstyrring, fortel Håheim. 

Under pandemien opplevde mange fleire å slita med mat og kropp. Mange sat heime, isolerte og kjende på frykt og utryggleik, livet var veldig uføreseieleg i den perioden. 

– Det gjorde at mange begynte å ty til mat og kropp for å ha noko som dei kunne kontrollera medan alt var vanskeleg, seier ho.



Snakk med ein vaksen

Mange synest det er vanskeleg å snakka om utfordringar kring mat og kropp. Det er vanskeleg å setja ord på kva som er vanskeleg, og mange er redd for å ikkje få hjelp om dei når ut. 

– Snakk med ein vaksen du stoler på. Det kan vera ein lærar, ein familiemedlem eller ein helsesjukepleiar, seier Marianne. 

Om du ikkje er klar for å seia ifrå til nokon du kjenner, kan du òg ta kontakt med ROS sin anonyme chat. Der kan alle ta kontakt om dei treng nokon å snakka med, eller har spørsmål om utfordringar knytt til mat og kropp. 

– Me svarer på alle typar meldingar, mange tek kontakt og er usikre på om dei har eit problem, andre treng hjelp til å setja ord på kva dei føler. Me får eit veldig breitt spekter av meldingar, og alle er velkomne, fortel ho.