– Pengar gjer at nokon barn ikkje får delta på aktivitetar

Det har vore ein kraftig auke i talet på barn som veks opp i fattige familiar dei siste tiåra. Redd Barna fortel at prislappen på fritidsaktivitetar held barn utanfor.

– I Noreg er det ikkje barn som er fattige, men foreldra deira. Barn kan likevel få det vanskeleg når foreldra har lite pengar, seier generalsekretær i Redd Barna, Birgitte Lange.

Å vekse opp i ein familie med lite pengar i Noreg kan bety at barna ikkje får vere med på det som andre barn er med på. Dei kan ikkje vere med på ting som kostar pengar, som fotball, dans eller skulekorps.

– Barna vi har snakka med, har fortalt oss at «det å vere fattig i rike Noreg er flaut og vanskeleg». Dei fortel oss at dei har mista venner fordi dei ikkje har moglegheit til å gjere dei same tinga som dei andre barna. Sånn skal det ikkje vere, seier Birgitte.

Påverkar fritidsaktivitetar

Birgitte fortel at sjølv om dei aller fleste barn er aktive på fritida, er det nokon barn som blir halde utanfor.

– Pengar er ei årsak til at nokon barn ikkje har moglegheit til å delta på aktivitetar etter skulen. Barn er klar over at det kostar mykje pengar å vere med på idrett eller andre aktivitetar, og nokon fortel at prislappen gjer at dei ikkje får vere med, seier ho.

I tillegg til kontingent kjem det utgifter til utstyr, reiser og samlingar. Dette har ikkje alle råd til. Ho ber dei som arrangerer fritidsaktivitetar om å vere bevisst på at nokon familiar har dårleg råd.

– Dei bør ikkje mase på barna viss foreldra ikkje har betalt kontingenten. Dei bør hjelpe foreldra og fortelje om støtteordningar som kan hjelpe. Det er heller ikkje nødvendig å reise på turar eller cupar til utlandet, eller krevje at alle skal ha det nyaste utstyret, seier Birgitte.

Alle barn har rett til fritid

Redd Barna meiner det bør bli billegare å delta på fritidsaktivitetar, og at alle barn bør ha ein fritidsklubb i sitt nærmiljø.

– Fritida til barn er ikkje ein luksus, ein bagatell eller ei sjølvfølge. Fritida er faktisk så viktig at det er ein eigen rett i FNs barnekonvensjon: artikkel 31 – barns rett til leik og fritid. Det er gjennom fritidsaktivitetar at barn får leike og ha det gøy, treffe venner og prøve ut nye talent, seier Birgitte.