Går på norsk skule i Sør-Korea

I år lærer 1270 elevar norsk over internett, sjølv om dei ikkje bur i Noreg. To av dei er Johanna (9) og Anna (11), som bur i Sør-Korea.

Søstrene Johanna og Anna Finne Song har budd i den sørkoreanske byen Daejeon nesten heile livet. Faren deira kjem nemleg frå denne byen og jobbar der. Mora deira kjem frå Voss, og heime snakkar familien både norsk, koreansk og engelsk.

I vekedagane er søstrene elevar på ein internasjonal skule. I tillegg er dei aktive på fritida og går på blant anna fekting, fotball og badminton. Men også i helgene går dei på skule.

Norsk skule i helgene

I helgene går dei i tredje og femte klasse på Globalskulen. Det er ein nettskule norske barn som bur i utlandet kan gå på. Dei kan sjølv velje kva tidspunkt i løpet av veka dei loggar seg på for å gjere skulearbeidet. Men det lønner seg ikkje å sluntre unna.

– Av og til vil eg berre lese ei bok og slappe av i helga. Men eg må gjere oppgåvene på nettskulen først. Viss ikkje eg gjer dei ei helg, må eg gjere dobbelt så mykje neste veke, fortel Johanna.

På nettskulen får dei undervisning i norsk, samfunnsfag og KRLE. I tillegg til at dei må levere skulearbeidet innan fristen, får dei ein kommentar på arbeidet frå læraren. Ein gong skreiv Anna ei lang historie om katten deira Leo.

– Eg jobba skikkeleg godt med den, men fekk beskjed om at eg måtte skrive endå lenger. Det var litt slitsamt, fortel Anna.

Som oftast synest søstrene at det er kjekt å gå på norsk nettskule.

– Når vi er ferdige med oppgåvene, er det både grublisar og Supernytt. Eg likte også godt å lære om 17. mai, seier Johanna.

LESELEKSE: Nokon av oppgåvene på nettskulen kan vere å sjå ein video eller å lese i ei bok. Foto: Synne Ulltang

Klassekameratar frå heile verda

På nokon måtar minner nettskulen om den internasjonale skulen dei går på til vanleg. Dei har ein kontaktlærar som gir tilbakemelding på arbeidet dei gjer, og dei har klassekameratar. Men dei snakkar ikkje direkte med dei andre elevane i det digitale klasserommet.

– Vi kan trykke på profilen deira og sjå bilde, namn, kor i verda dei bur og kva dei liker, seier Anna, og viser sin profil.

«Jeg liker å lese bøker, se filmer og leke med Leo» står det der.

Noregsferie

No er det sommarferie for både den digitale skulen og den internasjonale skulen. Søstrene har planane klare.

– Vi skal til Voss! Vi pleier å reise dit kvar sommar, fortel Johanna.

Men det kan vere litt forskjell på norsk og koreansk sommarvêr.

– I fjor sommar regna det så mykje i Noreg at eg rakk å lese Harry Potter-serien tre gonger, fortel Anna.

– Men viss det regnar igjen, kan vi gå på Vossabadet, smiler Johanna.