Kan ChatGPT gjere leksene for deg?

Det er snart sommarferie, og kanskje det er fristande å la ChatGPT gjere leksene. Men er det greitt å la robotar ta over matteoppgåvene?

Lektor Kjersti Rognes Solbu kan mykje om det å bruke robotar i klasserommet. Ho meiner vi kan bruke ChatGPT til noko, men ikkje til alt.

– Så langt har eg brukt ChatGPT mest til leik og moro. Det er artig å få roboten til å skrive dikt og vitsar og dikte opp tulletekstar om folk eg kjenner. Men det går an å lage artige undervisningsopplegg med ChatGPT også, seier ho.

For å bruke ChatGPT på ein lur måte er det viktig å øve litt på korleis du spør roboten.

– Det er betre å øve på å lage spørsmål, eller «prompts» som det heiter på engelsk, saman med læraren i klasserommet enn å bruke ChatGPT til lekser, meiner Kjersti.

Roboten kan lure deg

Dersom du har fått god opplæring i å bruke språkrobotar på skulen og veit kva dei kan og kva dei ikkje kan, seier Kjersti at du for eksempel kan bruke ChatGPT til idémyldring før du skal skrive ein tekst.

– Men du må vere kritisk og dobbeltsjekke om forklaringa stemmer med det du har lært på skulen. Ein lærar eg kjenner bad ChatGPT om å forklare ein seksåring kvifor kald luft er tyngre enn varm luft. Det einaste ho fekk var ein uforståeleg tekst om usynlege pingpong-ballar…, fortel Kjersti.

Sjølv om vi kallar det kunstig intelligens, er det viktig å hugse på at ChatGPT ikkje kan tenke.

– ChatGPT er ein språkrobot, som er veldig god til å herme etter andre tekstar som ligg på internett. Eit problem med å bruke ChatGPT til lekser er altså at roboten kan lure deg og lære deg noko som er heilt feil, seier ho.

Ei leksefri framtid?

Sjølv om svara frå ein robot berre er nokre enkle tastetrykk unna, meiner Kjersti at vi framleis treng lekser, så lenge læraren er flink til å forklare kva du skal lære av leksa.

– Poenget med lekser er som regel å få mengdetrening i noko du allereie har lært, som for eksempel å lese eller rekne mattestykke. Det er derfor ikkje vits i lekser viss nokon andre, anten det er foreldre, søsken eller samtalerobotar, gjer dei for deg, seier ho.

Kjersti meiner det ikkje er greitt å bruke ChatGPT viss du leverer noko den har skrive og seier at du har skrive det sjølv.

Det kan verke lettvint å la roboten gjere jobben, men det kjedelege faktum er at du lærer ingenting utan å streve litt.