Laga syntetisk apefoster

Kinesiske forskarar har teke celler frå aper og laga foster av dei. No håper dei å finna løysingar på helseproblem hjå gravide.

Det er fyrste gong nokon har klart å ta celler som ikkje kjem frå egg, sæd eller livmor og gjort det til veksande foster, skriv Smithsonian Magazine.

Fostera vart så plassert i livmorene til åtte krabbemakak-aper. Forskarane håper fosteret vil festa seg til livmora og bli til ein fullstendig graviditet.

Sju dagar etter fostera vart plassert i apene, viste tre av dei teikn til graviditet.

Tryggare graviditet

I 2019 var det 334 dødfødslar blant menneskje i Noreg. Ein dødfødsel vil seia at eit barn er fødd utan livsteikn. Dette talet har blitt mindre og mindre gjennom åra på grunn av vitskaplege framsteg.

Apeprosjektet har som mål å gjera dette talet endå lågare ved å forska på grunnane til at eit foster døyr.