Frankrike forbyr skjult reklame på sosiale medium

Ei ny lov er vedteken i Frankrike som vil forby influensarar å legga ut umerka reklameinnlegg.

Torsdag førre veke vart ei ny lov som krev at betalte innlegg på sosiale media skal merkast som reklame, einstemmig vedteken i det franske senatet. Dette er den fyrste lova av sitt slag i Frankrike, og ho har som mål å beskytta brukarar frå svindel.

Lova forbyr òg all reklame for blant anna kosmetisk kirurgi, tobakk og finansprodukt på sosiale medium, skriv NRK.

Franske myndigheiter har òg gjeve ut retningslinjer og hjelpemiddel for å gjera det lettare for påverkarar å følgja lova.

Om ein påverkar bryt den nye lova, kan det resultera i opp til to år i fengsel og ein bot på 300,000 euro, som er om lag 3,5 millionar norske kroner.