Vinteren i år kan bli kaldare og tørrare, men veit du kvifor?

Klimafenomenet med namnet El Niño er på sitt sterkaste rundt jul.

Namnet El Niño er spansk og betyr «guten». Sidan El Niño er kraftigast når det er jul, har fenomenet fått namn etter Jesusbarnet. Men kva er det eigentleg?

– Eg ser for meg El Niño som ei huske som svingar fram og tilbake.

Det seier forskar Lea Svendsen, som jobbar ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen. Ho er El Niño-ekspert ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

– Temperaturen i Stillehavet huskar fram og tilbake mellom varme og kalde temperaturar frå år til år. Nokon gonger kjem det ein ekstra dytt, og dei varme temperaturane i Stillehavet blir ekstra varme. Då får vi ein El Niño, forklarer ho.

Sidan det er eit så stort område i Stillehavet som blir varmt, aukar temperaturen på jorda dei åra vi har El Niño.

– El Niño er eit av jordas viktigaste klimafenomen. Vi forventar å kjenne på El Niño i omtrent eitt år framover no.

Det kan komme tørke og hetebølger over store delar av verda, men nokon stader kan det komme meir regn, som for eksempel på vestkysten av Sør-Amerika.

– Men vi merkar lite til fenomenet her i Noreg. Typisk kan El Niño føre til ein kaldare og tørrare vinter, seier Lea.

Eit naturleg fenomen

El Niño er altså noko som skjer i Stillehavet, men som samtidig påverkar korleis vêret er i Noreg. Med jamne mellomrom bles vindane i Stillehavet svakare og havtemperaturen blir varmare.

No ser forskarane at det truleg er ein ny El Niño på veg i Stillehavet. Det gjer dei ved å bruke satellittar, få tal frå temperaturmålarar som flyt rundt i havet og ved at forskarar på forskingsskip bruker eigne målarar til å sjekke havtemperaturen.

Global oppvarming gjer El Niño kraftigare

El Niño kan vere positivt for nokon område i verda, men negativt for andre.

– Det negative med El Niño er at det no kjem på toppen av ei global oppvarming der vi allereie forventar tørke og hetebølge mange stader. El Niño kan gjere slike hetebølger endå varmare, forklarer Lea.

– Ei positiv side ved El Niño er at det ofte er færre farlege orkanar i Atlanterhavet dei åra. El Niño kan også sette ein pause for oversvømmingar, slik Australia har hatt mykje av i det siste, seier Lea.

– Er det noko vi kan gjere for å unngå El Niño?
– Nei, El Niño er heilt naturleg på jorda vår. Det har eksistert i hundretusenvis av år og vil fortsette å eksistere når klimaet endrar seg meir, seier Lea.