Elon Musk-selskap skal testa hjerneimplantat på menneske

Elon Musk sitt selskap Neuralink har fått godkjenning frå USAs legemiddeltilsyn til å testa hjerneimplantat på menneske.

Eit hjerneimplantat er ei lita brikke som skal setjast inn i kroppen for å betra helsesituasjonen og livskvaliteten. Brikka er på storleik med ein mynt og har mange små leidningar som er tynnare enn hårstrå.

I fjor vekte det oppsikt då Elon Musk sa at han var så sikker på at brikka var trygg, at han ville vera villig til å putta ho i hjernen på sine eigne barn, skriv Digi.no.

– FDA-godkjenninga «er eit viktig første steg som vil føra til at teknologien vår ein dag vil hjelpa mange menneske», skriv Neuralink på Twitter.

Musk ser for seg at brikka skal kunna kurera ei rekkje sjukdommar og lidingar – og i tillegg gjera telepati og surfing på internett mogleg, skriv NRK.