Finst det ein planet B?

Ute i det uendelege verdsrommet finst det mange planetar som har liknande atmosfære som på jorda. Er det realistisk å tenka at me kan bu på éin av dei?

FAKTA: Superbebuelege planetar må vera
  • eldre enn jorda. Den må ha hatt lengre tid til å utvikla liv.
  • ein og ein halv gongar tyngre. Jo tyngre planeten er, jo betre held den på atmosfæren.
  • i snitt fem grader varmare, sånn at planter og dyr har betre føresetnader for å leva
  • på same nivå av luftfukt som jungelen
LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor undersøkte ei gruppe astronomar over 4500 planetar, blant dei peika dei ut heile 24 planetar som dei reknar som superbebuelege.

Ein superbebueleg planet er ein planet som har betre levevilkår enn jordkloden.

Ingen av dei 24 planetane ligg i vårt solsystem. Dei ligg mange, mange lysår vekke.

Den næraste bebuelege planeten som me kjenner til, er Proxima Centauri b, ein eksoplanet som ligg i bane rundt den raude dvergstjerna Proxima Centauri. Dvergstjerna er den næraste stjerna til jorda utanom vår eiga sol. Sjølv om Proxima Centauri b er nærast oss, ligg den framleis langt unna, heile 4,2 lysår, eller 39 tusen milliardar kilometer vekke.

Koloniar på Mars

Den næraste planeten til jorda er Mars. Den raude planeten er 54,6 millionar kilometer frå jorda, menneske har aldri reist så langt ut i verdsrommet.

MARS: Om me kan bu på Mars har lenge vore eit mysterium. Isflekkar på overflata tyder på at det ein gong kan ha vore liv på den raude planeten. Foto: ESA/DLR/Freie Universitat Berlin (G. Neukum)

No jobbar forskarar frå heile verda med å utvikla teknologi som skal frakta oss til Mars, der mange ser føre seg at ein skal kunne bygga koloniar i framtida.

Lang reise

Med dagens teknologi bruker ein romsonde om lag sju månadar på turen frå jorda til Mars, ifølgje NASA. Ein tur med mannskap vil ta betydeleg lengre tid, NASA anslår at ei tur-returreise til Mars vil vare mellom to og tre år.

I dag er det lengste nokon har vore i verdsrommet i strekk 437 dagar, eller litt under 1,5 år. Å vera i verdsrommet så lenge kan gjera stor skade på helsa til astronautane. Berre eit par dagar utanfor jordas atmosfære gjer at bein og musklar blir svakare.

Eit treårig opphald i verdsrommet vil kunne gjera store skadar. Difor jobbar forskarar ved NASA og andre romforskingsinstitutt med å utvikla betre teknologi som kan korta ned reisetida betydeleg.

Sats heime fyrst

Det trengst store teknologiske framsteg før me kan begynna å bygga koloniar på andre planetar. Det ligg framleis mange år fram i tid.

Sjølv om ein annan planet er til å bu på og innan rekkevidd, er det nok lurast å ta vare på den me har.

Visste du at?
Eit lysår eir ei måleeining på avstand. Eit lysår måler kor langt lys kan reise på eit år, altså 9 tusen milliardar kilometer.