Kampanjen «Sei hei og ver grei» får ros frå Nobels Fredssenter

Elevane ved Steinkjer skule laga ein eigen kampanje for å få slutt på stygg språkbruk i skulegarden. No har dei fått utmerkinga «Månadens dialogstemme».

Nobels Fredssenter er imponert over kampanjen «Sei hei og ver grei» som elevane sjølv har teke initiativ til.

– Målet med kampanjen er at folk skal bli meir klar over kva dei seier til kvarandre, og slutta å bruka ord som sårar, seier elevrådsleiar Theo Lien Herstad i ei pressemelding.

Han mottok utmerkinga saman med nestleiar Laura Hoseth Svendsen og rektor Per Helge Fossan.

I grunngivinga for utnemninga skriv Nobels Fredssenter:

«Alle fortener å bli møtt med respekt og å bli snakka til på ein ordentleg måte. Elevrådet ved Steinkjer skule har teke tak i dette på ein beundringsverdig måte med kampanjen «Sei hei og ver grei».

– Me er spesielt imponerte over at det er elevane sjølv som står bak, og at initiativet no spreier seg vidare i landet. Me heiar på betre samtalar i skulegarden, i klasserommet og på fritida framover, seier Nobels Fredssenters direktør Kjersti Fløgstad i pressemeldinga.