Ei av Afrikas eldste løver vart drepen i Kenya 

Ei vill hannløve, som truleg er ei av verdas eldste, vart drepen av gjetarar då ho gjekk inn landsbyen Olkelunyiet i Kenya.

Gjetarane oppdaga at løva hadde drepe nokre av kyrne deira, så derfor tok dei livet av ho.

Løva, som vart kalla Loonkiito, skal ha vore 19 år gammal. Normalt lever ville hannløver til dei er rundt 13 år gamle, skriv BBC.

Sjå video øvst i saka (YouTube / MH Worldwide)