– Me er bekymra for framtida

Kevin, Miroslav og Isabel er bekymra for klimaet. Dei blir motiverte av å tenkja på kva som kan skje viss ikkje dei hjelper til.

Kevin Skåtøy Dyrnes (10)

Kevin Skåtøy Dyrnes. Foto: Viel Marte D. Kunnikoff

Kva tenkjer du om å streika for klimaet?
– Det er bra! Det kan gjera at folk gjer meir for å ta vare på klimaet.
Er du bekymra for klimaendringane?
– Eg tenkjer på det av og til.
Kva gjer du for klimaet?
– Eg kastar minst mogleg mat, brukar lite straum, og så kastar eg ikkje boss i naturen.
Korleis held du motivasjonen oppe?
– Eg tenkjer at viss ikkje eg gjer det, kan klimaet bli verre.
Har du håp om at me klarar å snu klimaendringane?
Ja, sjølvsagt. Viss ikkje kan det skje fæle ting: Dyr kan døy ut, planter og maten vår kan forsvinna viss det blir for mykje co₂-utslepp.

 

Miroslav Semjonov (10)

Miroslav Semjonov. Foto: Viel Marte D. Kunnikoff

Kva tenkjer du om å streika for klimaet?

– Det er bra, men eg vil ikkje gjera det. Eg vil ikkje bli bore vekk av politiet slik som samane som demonstrerte.

Er du bekymra for klimaendringane?
– Eg er litt bekymra. Eg er redd havisen forsvinn. Eg er ikkje så bekymra, men litt.
Kva gjer du for klimaet?
– Eg kastar søppel i bosspann og tek elbuss til skulen.
Korleis held du motivasjonen oppe?
– Det er i hjernen. Har eg søppel, kastar eg det i bosset.
Har du håp om at me klarar å snu klimaendringane?
– Det er nok mogleg, men eg trur det er liten sjanse når alle land må vera einige og samarbeida.

 

Isabel Stordal Mjåtvedt (11)

Isabel Stordal Mjåtvedt. Foto: Viel Marte D. Kunnikoff

Kva tenkjer du om å streika for klimaet?
– Det er bra. Det viser at folk bryr seg.
Er du bekymra for klimaendringane?
– Ja, eg bekymrar meg mykje. Eg har høyrt at me er i ferd med å øydeleggja jorda. Det er jo lenge til, men eg tenkjer på dei som kjem etter oss.
Kva gjer du for klimaet?
– Eg samlar inn boss og flasker. Eg skulle gjerne gjort mykje meir. Både åleine og saman med andre.
Korleis held du motivasjonen oppe?
– Eg blir motivert av at eg hjelper dyra når eg plukkar søppel.
Har du håp om at me klarar å snu klimaendringane?
– Ja, eg trur det kan bli betre. Eg har håp.