Dyrkar miniorgan i laboratoriet

Forskar Frøydis Sved Skottvoll trur at me i framtida kan laga friske menneskeorgan i laboratoriet.

– Det kan me kanskje om tjue–tretti år, seier Frøydis som jobbar som forskar ved SINTEF.

Ho studerer små menneskeorgan dyrka i laboratoriet. Målet er å finna medisinar som passar heilt perfekt til folk som er sjuke. Teknologien Frøydis jobbar med, kom i 2007–2008. Då klarte forskarar å etterlikna miljøet til stamceller på ein måte som gjorde at cellene treivst så godt at dei kunne utvikla nye organ.

Stamceller er kroppen sine babyceller. For å få babycellene til å utvikla seg til forskjellige organ tilset Frøydis ulike molekyl. Molekyl er vekststoff som vitamin og mineral – og dei påverkar stamcellene til å bli ulike typar celler. For eksempel leverceller eller nyreceller.

– Me prøver å etterlikna korleis eit foster utviklar seg i magen til mor, fortel Frøydis.

Miniorgana er under 1 millimeter.

– Du kan sjå dei med auga som små kvite prikkar som flyt i behaldarar. Du ser ikkje at det er ei nyre med det blotta auga, men me ser det i mikroskop, fortel ho.

FARGAR: På dette biletet ser du eit miniorgan slik det ser ut i mikroskop. – Det er protein som er farga med ulike fargar. Protein er jo kroppens byggesteinar, og derfor også miniorgana sine byggesteinar. Dermed kan me sjå korleis dei er bygd opp, fortel Frøydis. Foto: Aleksandra Aizenshtadt/ Hybrid Technology Hub

Tilpassa medisin

Når forskarane utviklar nye medisinar, brukar dei ofte dyr i forsøka.

– Målet vårt er å minska dyreforsøk. Miniorgana kan gje oss same informasjon, og ofte betre informasjon, enn det dyreforsøk kan. Mus og slik liknar jo ikkje så mykje på oss menneske. Heller ikkje på innsida, seier Frøydis.

Men korleis kan de testa medisin på miniorgan?

– Me kan utvikla stamceller frå huda til menneske. Så kan me programmera cellene slik at dei blir stamceller. Altså babyceller. På den måten får miniorgana ditt unike DNA. Då kan me testa ulike medisinar på dine celler, fortel Frøydis.