Lærte papegøyar å ringja kvarandre

18 papegøyar blei faste ringekompisar i ein amerikansk studie.

Det første papegøyane lærte var å ringja i ei bjølle for å signalisera at dei ville ringa til ein papegøyekompis. Så lærte dei å trykkja på eit bilete av papegøyen dei ville ringja, skriv Ung.Forskning.no.

Til saman hadde papegøyane 147 telefonsamtalar der dei snakka til kvarandre, song saman, herma etter kvarandre, leika og viste fram leikene sine. Forskarane analyserte over 1 000 timar med videoopptak av fuglane, for å sjå korleis åtferda til papegøyane forandra seg.

God oppleving

Forskarane seier at det verkar som at papegøyane forstod at dei snakka med ein annan papegøye. Papegøyane sine eigarar var også svært nøgd med å delta i studien.

– Alle deltakarane i studien sa at dei sette pris på opplevinga og at dei ville halda fram med å bruka systemet med papegøyane sine i framtida, seier forskar Ilyena Hirskyj-Douglas til avisa The Guardian som fyrst omtala saka.

GIF: Giphy.com