Sjøelefanten søv minst av alle

Elefanten har hatt verdsrekorden i minst søvn, heilt til amerikanske forskarar oppdaga at sjøelefanten søv endå mindre.

Forskarane festa ei vasstett hette med elektrodar på sjøelefantane medan dei var i land. Slik fekk dei målt aktivitet medan dyra var ute i havet.

Målingane viste at sjøelefanten berre søv to timar i døgnet. Men dei søv ikkje dei to timane i strekk. Dei tek lange dykk ned i havet. Ofte tek det ein halv times tid å nå havbotnen, og i løpet av dykket tek sjøelefantane seg ein lur på ti minutt. Nokre gonger ligg dei også heilt stille på havbotnen og søv, skriv Ung.Forskning.no.

Har slått rekord

Frå desember til mars søv dei mykje meir. Då flyttar dei inn på ei strand og parar seg, og søv opptil ti timar i døgnet.

Forskarane bak den nye studien meiner at sjøelefanten har slått rekorden til elefanten.

Elefantar søv fire til seks timar i døgnet i fangenskap. Dei ville elefantane søv endå mindre. Elefantane i flokken søv på skift og berre i to timar av gongen. Dei står og søv, men kvar tredje eller fjerde dag legg dei seg ned for å sova.