Nødsentralen kan ta imot videosamtale 

Nød- og legevaktsentralar over store delar av landet har teke i bruk videosamtalar når nokon ringer nødnummera.

Den som ringer inn kan gi løyve til at dei som sit på nødsentralen kan sjå gjennom mobilkameraet, skriv NRK.

– I uklare situasjonar har video hjelpt operatørane til å forstå kva som skjer hos innringjaren. Det har vore direkte livreddande i nokre tilfelle, seier Steinar Olsen, avdelingsdirektør for akuttmedisin og beredskap i Helsedirektoratet til NTB.

Så langt er det gjennomført over 100 000 videosamtalar.