Korleis oppdagar du ein deepfake?

Teknologi i dag gjer det lettare enn nokon gong å faktasjekka det du ser og høyrer, men samstundes er det lettare enn nokon gong å bli lurt.

Kunstig intelligens har gjeve oss tilgang på teknologi som kan laga lydklipp, videoar og bilete som kan overtyda dei fleste. Lydklipp av amerikanske presidentar som er samla i ein Minecraft-server og bilete av pave Frans i designerjakke dukkar opp på internett og gjer oss forvirra. 

Men korleis kan du passa på at det du ser faktisk stemmer? 

  1. Ser det ut som ei glansbilete? Eit sikker teikn på at det du ser er blitt tukla med er at personen på biletet har heilt glatt hud, klåre auge og perfekt hår. DeepFakes ser ofte ut som unaturlege glansbilete. Sjå ekstra godt etter, så kan du sjå teikn til at biletet er laga av ein datamaskin.
  2. Fem fingrar? Sjølv om DeepFakes har blitt veldig avanserte er det framleis mange ting den ikkje klarer. Dei gløymer ofte kor mange fingrar menneske har. Sjå om personen har så mange fingrar, armar, auge og øyrer som dei vanlegvis har. 
  3. Naturlege rørsler? I videoar bør ein sjå etter kor naturlege rørslene og oppførselen til personen er. Blinkar dei med auga? Blinkar dei for ofte eller ikkje ofte nok? 
  4. Sjekk detaljane! DeepFakes kan vera overtydande, men du kan finna svaret om du ser nøye etter. Sjå på føflekkar, hår og korleis auga rører på seg. Dei som lager DeepFakes håper på at du skal oversjå detaljane. 
  5. Søk det opp om du er usikker! Kanskje nokon andre har sjekka om biletet er ekte. 

 

Det har vore ein tradisjon at norske medium har narra lesarane sine med utrulege historier 1. april. Dei aller fleste større aviser og NRK har likevel slutta med det, skriv Store norske leksikon. Grunnen er fokuset på falske nyheiter. For media er det viktig å verka pålitelege og truverdige. Det er likevel ikkje alle aviser som har gitt opp å føra lesarane sine bak lyset med ein aprilspøk.
Foto: NTB / Ali Zare