Australia stengjer veldig forureinande kolkraftverk

Australia stengde fredag Liddell kolkraftverk. Det var det eldste kolkraftverket i landet.

Kol er det fossile brennstoffet som slepper ut mest CO₂ og kraftverket som vart bygd i 1971 har vorte kalla ein klimaversting. Det slapp ut rundt 14,7 millionar tonn CO₂ i året.

Utsleppet frå det gamle kraftverket svarte dermed til 30 prosent av Noregs samla CO2-utslepp per år.

Må reduserast

Karbondioksid (CO2) er ein gass der karbon er bunde til oksygen. Ved forbrenning av ved, kol eller olje reagerer karbon med oksygen frå lufta og dannar mellom anna gassen CO2. For å stansa klimaendringane må menneskeskapte CO2-utslepp reduserast kraftig.

Australia er det av OECD-landa som slepper ut mest CO₂ per innbyggjar. OECD-landa er ei gruppe rike land. Med eit årleg utslepp på 15,09 tonn CO₂ per innbyggjar per år, er det rundt det dobbelte av Noregs 7,57 tonn per innbyggjar per år.

Det var AFP som fyrst omtala saka.

GIF: Giphy.com