Sudan – er dette byrjinga på ein borgarkrig?

To generalar kjempar om makta i Sudan.

I helga angreip soldatar under leiing av general Dagalo fleire stader i hovudstaden i landet. Dei klarte også å ta kontroll over tre flyplassar. Dette er eit kupp mot leiaren av den sudanesiske hæren, general Burhan.

Meir enn 185 menneske er drepne og over 1800 såra sidan kampane braut ut, ifølgje tal frå FN. I samanstøytane mellom dei væpna styrkane i landet (SAF) og dei paramilitære Rapid Support Forces (RSF) vart blant anna leiaren av EUs humanitære bistand Wim Fransen skoten og skadd.

Ifølgje Verdshelseorganisasjonen rapporterer mange sjukehus i Khartoum om mangel på blod, medisinsk utstyr og andre livreddande varer.

Nokre land som Tyskland og Japan prøver å evakuera innbyggjarane sine. Tysdag ettermiddag vart dei stridande partane samde om ein 24-timars våpenkvile, men ifølgje ein av innbyggjarane i hovudstaden var det vanskeleg å sova i byen på grunn av «tunge kampar som vart gjenopptekne tidleg om morgonen etter luftangrep og dunking av artilleri», ifølgje Aljazeera.

I mai 2019 protesterte mange sudanarar mot militæret i landet. Her utanfor militærhovudkvarteret i hovudstaden Khartoum. Foto: AP Photos/Salih Basheer, NTB

Historia til konflikten

Store protestar braut ut i Sudan på slutten av 2018. Demonstrantane kravde avgang av diktator Omar al Bashir, som hadde styrt landet sidan 1989. Som eit resultat inngjekk militæret i juli 2019 ein avtale med demonstrantane.

På grunnlag av denne avtalen, blei det såkalla Suverenitetsrådet oppretta. Det inkluderte både militære og representantar frå organisasjonar i landet. Generalane Burhan og Dagalo gjennomførte i 2021 i fellesskap eit nytt statskupp og fjerna statsminister Hamdok frå makta.

På denne måten vart avtalen som vart inngått i 2019 med representantar for sivilsamfunnet brote, og militæret tok makta i landet.

Makta tilbake til folket

Eit år seinare, i desember 2022, på grunn av dårleg økonomi og internasjonalt press, gjekk militæret med på å (igjen) overlata makta til sivile.

Fristen for overføring av makt vart sett til april 2023. Før overføringa av makt fann stad, var det likevel spenningar mellom generalane Burhan (støtta av Egypt) og Dagalo (støtta av Dei sameinte arabiske emirata).

For tida hevdar Dagalo at styrkane hans kontrollerer 90 prosent av den sudanske hovudstaden.