Solenergi hjelper landsbyar utan straum

Kenya har byrja å byggja 136 solcelledrivne mininett i avsidesliggjande område som ikkje har tilgang til det nasjonale straumnettet.

Det melder avisa Newsday.

Solenergi blitt veldig populært dei siste åra, ettersom mange heimar i Afrika framleis ikkje har konstant tilgang til straum. Afrika sør for Sahara har no meir enn 3000 solenergi-mininett, ein stor auke frå 2010, då det berre var 500.

Sjølv om Kenya genererer ein stor del av elektrisiteten sin frå fornybare kjelder som vasskraft og geotermisk energi, har mange selskap måtta ty til diesel på grunn av tørke i mange år. Takka vera overfloda av sollys, kan solenergi kopla 380 millionar menneske i Afrika til elektrisitet innan 2030, ifølgje Verdsbanken.