Vi burde få lov til å glede oss til framtida

Klimaproblemet blir berre verre og verre og det må vi få stoppa. Eg får berre vondt inni meg av å sjå på tv av plastproblemet eller global oppvarming.

Stakkars dyra som har fått konsekvensane som vi menneske har skapt. Det er eit teikn på at vi menneske må bli betre. Vi må skjønne at det er konsekvensar bak alt.

Eg håper veldig på at vi vil klare å snu retninga. Produsere mindre plast, kaste mindre mat og klede osv. Fordi det freistar ikkje så veldig å leve i ei framtid der det er mangel på mat, vatn og intense hetebølger.

Viss det ikkje skjer nokon endringar, og vi fortset akkurat sånn som vi menneske gjer no, då vil vi møte store utfordringar i framtida. Vi kan ikkje gå og vente på at det skal bli så forferdeleg at folk då vil skjønne at det er eit stort problem. Vi må få folk til å skjønne no at vi har eit problem i vente viss vi ikkje skjerpar oss.

det freistar ikkje så veldig å leve i ei framtid der det er mangel på mat, vatn og intense hetebølger.

Alle menneske på jordkloda har eit ansvar for det, men dei som er rikast har det største ansvaret for det er dei som verkeleg kan gjere noko med det. Eg sjølv har ei oppgåve med å gjere mitt beste gjennom å kjøpe mindre ting, ikkje kaste mat, og reparere ting sjølv.

Det er dratt for langt. Vi, den neste generasjonen, burde få lov til å glede oss til å bli eldre enn å gå rundt å grue oss på grunn av klimaproblemet. Folk kan ikkje berre gå rundt å tenke, det vil ikkje påverke noko betre viss eg sluttar å bruke så masse plast eller andre ting som ikkje er bra for miljøet. Det er ein heilt feil tanke! I dag blir jo folk påverka til å gjere ting berre fordi dei ser nokon andre gjere det, og då er det jo heilt perfekt at ein person startar med å gjere noko.

Emilie Øvrebotten Furnes, 12 år
Halbrend skule, Sunnfjord