7 kule bøker om dyr

Framtida Junior har samla sju gode boktips til deg som likar å lesa om dyr! 

Alle må bæsje

Bokomslag: Cappelen Damm

Forfattar: Lena Lindahl

Forlag: Cappelen Damm 

Målform: Bokmål

Det er heilt vilt og veldig rart kor mange ulike måtar det går an å bæsja på. Visste du at ein vombat bæsjar firkantar? Eller at sniglar har rumpa i nakken? Eller at bjørnen kan halda bæsjen inne i eit halvt år, og at gribben bæsjar på leggen?

 

Foxi – sledehunden ingen ville ha

Bokomslag: Samlaget

Forfattar: Line Nagell Ylvisåker

Forlag: Samlaget

Målform: Nynorsk

Då polarhunden Foxi blei fødd var ho lita og svak. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruka henne som sledehund. Han ville kvitta seg med Foxi, men ingen ville ha henne. Då Foxi var fire år, skulle Tommy delta i verdas tøffaste hundeløp, Iditarod. Før start vart heile tre av hundane sett ut av spel, og vesle Foxi måtte trø til. Å setja Foxi fremst i hundespannet, utan at ho hadde trena på det, var galskap. Men, Foxi synte seg å vera den klokasta, modigaste og beste hunden Tommy nokon gong hadde hatt. 

 

Blodsugere

Bokomslag: Cappelen Damm

Forfattar: Line Renslebråten

Forlag: Cappelen Damm 

Målform: Bokmål

Det finst mange fascinerande skapningar som lev av å fortæra blod. Dei blir kalla hematofager. Kvifor har dei utvikla denne evna? Treng eigentleg naturen blodsugarar? Visste du at blod kan vera alt frå gult og lilla til gjennomsiktig eller grønt? 

 

Dyras beste sjekketriks

Bokomslag: Samlaget

Forfattar: Malin Hellebø

Forlag: Samlaget

Målform: Nynorsk

Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tissa seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponera dei kresne kollene? Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.

 

Eventyrlige dyr

Bokomslag: Cappelen Damm

Forfattar: Hanna Nyborg Støstad

Forlag: Cappelen Damm 

Målform: Bokmål

Ei øgle som flyg, ein edderkopp som dansar, ei reke som knipsar. I dyreverda er det mange raringar! Kvifor gjer dei så mykje rart – og korleis har dei fått alle dei fantastiske eigenskapane? I denne boka viser biolog Hanna Nyborg Støstad oss korleis evolusjonen verkar!

 

Helter fra dyreriket

Bokomslag: Cappelen Damm

Forfattar: Line Renslebråten

Forlag: Cappelen Damm 

Målform: Bokmål 

Dramatiske og heilt sanne historiar om dyr som har hjelpt menneske med dei utrulegaste tinga. Alt frå romfart til livredning og krig. Dyr er ein viktig del av naturen og økosystemet som held planeten vår i gang. Frå ørsmå insekt til store rovdyr. Alle har sin plass på jorda. Men dyra har også spelt ei stor rolle i utviklinga vår frå hòlebuarar til moderne menneske. Dyr har rett og slett vore viktigare for utviklinga vår enn dei fleste tenkjer over. Desse heltedyra har vore anonyme, og det er sjeldan me får høyra historia om dei. Det får du i denne boka!

 

Fart og styrke i naturen

Bokomslag: Vigmostad Bjørke

Forfattar: Ola Marhismoen

Forlag: Vigmostad Bjørke

Målform: Bokmål

I denne faktaboka kjem me nært innpå Noregs raskaste og sterkaste dyr. Men kva er eigentleg fart og styrke? Og kvifor er det viktig i naturen? Vinn alltid den sterkaste og raskaste?