5 dyr med spesielle «jobbar»

I tusenvis av år har dyr gitt menneske mat og klede, og hjelpt til med transport og gardsarbeid. Men vi brukar dyr til andre oppdrag også, kanskje fleire enn du trur. Her er fem av dei:

Trøffelgris

Trøffel er ein underjordisk sopp som er kjend for å vere ein delikatesse, og som er svært dyrebar. Sidan trøffelen veks under jorda, kan det vere vanskeleg å finne han. Då kan ein få hjelp til tamme hogrisar som kan lukte seg fram til trøflar som er opptil tre meter under jorda. Grisane har svært god luktesans, og trøffelen inneheld androstenol, eit stoff som finst i spyttet til hanngrisane.

Trøffelgrisar kan lukte seg fram til skjulte skattar under jorda. Ein trøffelgris kan koste frå 20.000 kroner til fleire hundre tusen. Foto: Vayssie Robert Robert Vayssié, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Førarhund

Hundar er eitt av dei dyra som er lettast å trene opp, og det er grunnen til at vi brukar dei til mykje forskjellig. Både politiet og redningstenesta gjer god nytte av hundar i arbeidet sitt.

Men best trent av alle er kanskje førarhundane. Dei skal hjelpe personar som er blinde eller svaksynte med å komme seg gjennom kvardagen, gå rundt i byen, reise med buss og elles leve sjølvstendige liv.

Førarhundar går gjennom ei lang utdanning. Dei må lære seg kommandoar, lære å kjenne trafikken, stå imot freistingar og ikkje springe etter kattar eller andre hundar.

Det er rundt 260 nordmenn som brukar førarhundar.

Elektrikar-ilder

Når ein skal legge nye kablar i eit gammalt, historisk hus, kan det vere vanskeleg å komme fram utan å til dømes måtte rive opp golvet. Då kan ilderar vere til hjelp. Ilderane er veldig fleksible og kan trenast opp til å springe gjennom krikar og krokar. Ilderane er festa i ein sele med ei snor i, som ein etterpå kan bruke til å dra leidningar gjennom.

Maur kan lukte kreft

Forskarar i USA har oppdaga at maur kan lukte forskjell på urinen til mus som har kreftsvulstar, og mus som er friske. Dei håpar at vi i framtida vil kunne bruke maur til å oppdage kreft hos menneske.

Maur kan trenast opp til å assosiere spesielle «lukter» med påskjøning. Foto: William Cho

Geiter som ryddar

Geiter er gjerne kjende for å ete litt av kvart, og dei er ikkje kresne når det gjeld å tygge i seg ugras, bark og brennesler. Difor kan ein ha geiter på beite på eit landområde viss ein vil rydde det for ugras, buskas og andre uønskte vekstar. Etterpå kan ein plante ein fin grasplen.

Geiter et ikkje kva som helst, men dei er ikkje framande for å ete plantar og vekstar som andre dyr skyr unna. Foto: ILRI/ Camille Hanotte