Hundebesøk hjelper pasientar på sjukehus

Pasientar fekk mindre smerter når dei fekk besøk av ein hund på sjukehuset.

Forskarar frå Canada har undersøkt korleis pasientar blir påverka av å få besøk av ein hund, skriv Ung.Forskning.no. Med i studien var 97 pasientar som fekk besøk, og 101 pasientar som ikkje fekk besøk.

Pasientane fekk besøk av hunden i ti minutt på akuttmottaket. Det er der folk kjem viss dei vert skada eller plutseleg sjuke. Før og etter besøket fortalde pasientane kor vondt dei hadde. Etter hundebesøket synest dei at dei hadde litt mindre vondt. I gruppa av pasientar som ikkje fekk hundebesøk, var det inga forandring.

Robothundar

I 2020 undersøkte forskarar om robotar kunne gjera same nytta. Barn på 11 og 12 år fekk vera med i eksperimentet, og studien viste at barna syntest det var like morosamt å leika med ein robothund som med ein ekte hund.

Likevel hadde dei valt den ekte hunden om dei fekk velja.