Kvalar, delfinar og fisk må ropa fordi menneske bråkar

Dyra i havet brukar lydar når dei snakkar saman. Men, menneske bråkar stadig meir – så det er vanskeleg for fisk, kvalar og delfinar å forstå kvarandre. 

Med skipstrafikk, oljeleiting og flytande vindmøller lagar menneske lyd som forstyrrar dei som bur i havet.

– Dyra slit med å snakke saman fordi me bråkar. Når støyen aukar må dyra enten bruke høgare stemme, eller vera nærmare kvarandre når dei snakkar ilag, fortel Lise Doksæter Sivle. Ho jobbar som forskar ved Havforskningsinstituttet. 

BEKYMRA: Lise Doksæter Sivle, som jobbar som forskar ved Havforskningsinstituttet, er bekymra for livet i havet. Foto: Privat

Treng å snakka saman

– Me veit det blir meir og meir støy, og me veit at fisk, delfinar og kvalar treng å snakka saman med lyd. Me veit ikkje nok om korleis det påverkar dei, men me veit for eksempel at dei er avhengig av lyd for å finna seg ein kjærast. Det er også veldig mørkt i havet, og mange brukar hørselen for «å sjå» med øyra. Dei lyttar etter fiendar, og dei lyttar etter om andre fiskar har funne mat dei kan få tak i, fortel ho.

Lise er bekymra for dyrelivet.

– Det er veldig viktig at me unngår å laga bråk i område med mykje fisk. Me må også unngå å bråke når det er gytesesong, seier ho.

Delfinar måtte ropa

Foto: Ádám Berkecz, Unsplash

Delfinforskar Pernille Sørensen har undersøkt korleis delfinar reagerer på bråk, skriv Ung.Forskning.no.

Dei smarte dyra vart sleppt ut i eit basseng, og vatnet var så uklart at delfinane ikkje kunne sjå kvarandre. Etter kvart laga forskarane meir og meir bråk i bassenget, og då viste det seg at delfinane måtte ropa til kvarandre for å klara oppgåva.