Hiv-infeksjonar hos afrikanske barn er halvert på ti år

Ein enorm innsats mot hiv har redda 2,9 millionar gravide kvinner og barn dei siste ti åra.

FAKTA: Korleis smittar HIV?

Hiv smittar ved at blod, sæd eller skjedesekret kjem i kontakt med slimhinner hos ein annan person. Slimhinner finst i skjeden, urinrøyret, endetarmen, munnen og auga.

Hiv kan overførast frå ei smitta mor til hennar barn under svangerskap, fødsel og amming. I dei aller fleste tilfella skjer smitten like før eller under fødselen eller via morsmjølk. Med effektiv behandling er risiko for å smitta barnet svært låg, omkring éin prosent.

(Kjelde: NHI.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

I landa sør for Sahara er det mange vaksne og barn som blir smitta av hiv. Hiv er eit virus som svekkjer immunforsvaret, skriv Verdens Beste Nyheter. Over tid kan ubehandla hiv utvikla seg til AIDS. Symptoma på AIDS er alvorlege.

Viruset smittar oftast mellom vaksne som har sex, men det kan for eksempel også smitta via blod eller frå mor til barn anten under graviditeten, fødselen eller ved amming. Derfor er behandling av gravide kvinner ein god stad for å stansa smitten.

Eit skummelt virus

Innsatsen som blir gjort handlar om å få hiv-smitta kvinner i behandling, slik at barna deira ikkje blir smitta.

– Når folk visste det var mogleg å få behandling, vart det verdifullt å bli testa, seier Shaffiq Essajee, som er utdanna barnelege med spesialisering i hiv og seniorrådgivar hos UNICEF til Verdens Beste Nyheter.

På verdsplan lever 38,4 millionar menneske med hiv, og 2,7 millionar av dei er under 19 år.

Ein stor trussel

– Folk trur at hiv høyrer til fortida, men det gjer det ikkje, seier Shaffiq Essajee.

Kvar dag i 2021 vart 850 barn og unge smitta med hiv og dagleg døydde omkring 300 barn og unge av hiv- og AIDS-relaterte årsaker, ofte fordi dei ikkje var i behandling.

Det betyr at over 100 000 barn og unge årleg framleis døyr av hiv, og at over 300 000 barn og unge årleg får diagnosen.

Men sjølv om det framleis er store smittetal blant barn og unge, meiner Shaffiq Essajee at det er mogleg å få kontroll over hiv-epidemien før år 2030.