Nyheitsprogrammet Supernytt rettar seg mot barn frå 8-12 år. Halvparten av norske skulebarn ser programmet i skuletida, minst ein gong i veka.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) deler ut samfunnstryggleiksprisen til NRK Super fordi dei bidreg til eit trygt samfunn for barn.
– Supernytt bidreg til at barn lærer å skilje mellom truverdige og mindre truverdige kjelder. Dei får trena opp forståinga for nyheiter og dei lærer seg å setje bodskapane i samanheng. Dette er viktig for å styrkje tilliten, og dermed samfunnstryggleiken, seier juryleiaren i ei pressemelding.