Lange dagar på skulen – i 30 grader

Namn: Elijah Eiley Alder: 10 år Bur i: Placencia, Belize Familie: Mamma Dulce, pappa Chino, bror John, 4 år, og søster Ocean, 15 år. Favorittmat: grilla fisk med ris och bønner. Favorittartist: Pop Smoke Favorittfag på skulen: engelsk
Det er formiddag og over 30 grader varmt i han vesle byen Placencia sør i Belize.
Elijah Eiley (10) har søkt skjul frå sola i ei hengekøye på verandaen til huset der han bur med familien sin nokre meter frå ei kvit sandstrand.
– Me går i skulen frå halv ni på morgonen til halv fire på ettermiddagen, seier han.

Nesten ingen lekser
Men elevane får nesten ingen lekser.
– Etter skulen pleier eg symja, fiska, slarka på stranda eller spela fotball med vennene mine, seier Elijah.
I sommarferien, som er frå juli til september, pleier han dra til mormora si nord i Belize.
– Det er gøy til å vera der, men eg trivst best i Placencia. Eg vil aldri flytta herifrå. Eg elskar å bu nær havet og skal bli hummarfiskar når eg blir stor, avsluttar Elijah.

Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
12 svarKva bok er din favoritt?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.