Høgre-politikar vil ha 16 års aldersgrense og BankID på sosiale medium

Nikolai Astrup møter både motbør og applaus frå avgangselevar på vidaregåande for sin appell om strengare aldersgrense på sosiale medium.

– Lat oss heva aldersgrensa til 16 år, skriv tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i ei ytring på NRK.

Høgre-politikaren er oppteken av skuggesidene av sosiale medium, som avhengigheit og deling av nakenbilete.

Astrup: – Enkelt å ljuga på alderen

I innlegget argumenterer Astrup for å heva aldersgrensene på sosiale medium frå 13 år til 16 år, og dessutan innføra krav om registrering med BankID eller tilsvarande løysingar.

Han peikar på at om ein må nytta BankID for å stadfesta kven ein er, så vert det umogleg å oppretta falske kontoar.

– I dag er aldersgrensa gjerne 13 år, men det er enkelt å ljuga på alderen for å oppretta ein slik konto, argumenterer Astrup.

Ella Fyhn: – Skal bli vaksne

Vidaregåandeelev Ella Fyhn meiner ei høgare aldersgrense ikkje løyser problema.

– Me som er barn og unge i dag skal bli vaksne, me skal studera og bli gode medborgarar. Då er det viktig at me har gode vanar, òg digitalt, seier Fyhn til TV 2.

I debatt med Astrup i Dagsnytt 18  peikar ho på utfordringane med å få multinasjonale selskap til å innføra den norske BankID-ordninga.

– Eg trur denne måten å kontrollera på, er feil. No lever me i to verkelegheiter, både i den verkelege verda og digitalt. Då er det viktig at me lærer oss korleis vi skal handsama ting me møter digitalt, til dømes om ein slit med dårleg sjølvbilete, seier Fyhn til TV 2.

Solveig Bagle Bjerknes: – Innfør ei aldersgrense

Avgangselev Solveig Bagle Bjerknes (18) er på si side einig med Nikolai Astrup.

– Innfør ei aldersgrense, ver så snill! skriv ho i ein replikk på NRK Ytring.

Bør det bli ei strengare aldersgrense for sosiale medium?

Bør det bli ei strengare aldersgrense for sosiale medium?

Ja, 16 år20
Ja, 13 år43
Nei1007
Veit ikkje17
Svar totalt: 1087