Over 150 personar har fryst i hel i Afghanistan

Det har vore uvanleg kaldt i Afghanistan, og det er få til å hjelpe dei som har det vanskeleg.

I Afghanistan har det vore ei kuldebølgje som har drepe minst 157 personar. I tillegg har ein buskap på over 70 000 dyr også frose i hel. Dette er den verste kulda landet har opplevd på eit tiår. På denne tida av året ligg snittemperaturen i landet på mellom null og fem gradar celsius. På det kaldaste har det no vore minus 28 gradar celsius.

Folk som bur i fjellområda er særleg utsette, sidan snøen gjer det vanskeleg å kome fram til dei.

Situasjonen er ekstra ille fordi folk har avgrensa tilgang på hjelpetiltak. I slutten av desember trekte hjelpeorganisasjonar seg ut av landet. Det var ein respons på Taliban sitt arbeidsforbod mot kvinner i ikkje-statlege jobbar.

Førebels er det ingenting som tyder på at forbodet blir trekt tilbake. Fungerande statsminister og Taliban-leiar Mohammad Hassan Akhund har sagt til BBC at forbodet ikkje blir fjerna, og at dei har menn som allereie er i gang med hjelpearbeidet.


Fredsprisvinnar Malala Yousafzai fotografert i 2014, året ho vann Nobels fredspris. Foto: Southbank Centre, Flickr.com