Denne karen bles bobler for å kjøle seg ned

Maurpiggsvinet har ein spesiell måte å halde seg kaldt på.

Maurpiggsvina bur i Australia, men har ein spesiell svakheit. Dei toler nemleg ikkje varme så veldig godt. Dersom kroppstemperaturen deira når 38 grader celsius, kan det vere døyeleg.

Det er ei ulempe når du bur i eit land med så høge temperaturar som Australia kan få.

Men no har forskarane funne ut kva dei spesielle piggsvina gjer for å halde seg kalde. Dei bles bobler av slim ut av nasen. Når boblene sprekker, blir dei våte på nasen, og varme vert overført frå blodet deira til slimet, som så fordampar.

Det liknar på det som skjer når menneske svettar.

Menneske skil ut sveitte for å dempe kroppstemperaturen. Foto: Nathan Dumlao/Unsplash

Boblene gjer at maurpiggsvina kan vere aktive sjølv når temperaturane aukar. Men om sommaren vert dei likevel nattdyr for å sleppe unna varmen. Dei kan også gøyme seg i hole trestubbar.


Les også: Sjå dei morosamaste dyrebileta frå 2022

Beste undervassfoto: “Sei cheeeese”. Biletet er teke ved den portugisiske øya Faial i Atlanterhavet. Foto: Arthur Telle Thiemann