Om romvesen tek kontakt med jorda, kven svarar?

Det skal ei ny forskingsgruppe finne ut av.

Tallause filmar har teke føre seg kva som skjer om ein sivilisasjon frå verdsrommet tek kontakt med menneska. Det har enda med litt blanda hell.

Men kva skjer om jorda faktisk mottek livsteikn frå verdsrommet? Det er det ingen som veit. Det finst nemleg ingen plan for korleis eller kven som skal svare.

– Kjem vi noko sinne til å få ein beskjed frå E.T.? Vi veit ikkje. Vi veit heller ikkje når det kjem til å skje. Men vi veit at vi ikkje har råd til å vere dårleg førebudde, seier Dr. John Elliott frå University of St Andrews i ei pressemelding.

Han skal no leie eit internasjonalt forskarsamarbeid som skal pønske ut korleis ein skal handtere livsteikn frå verdsrommet

E.T. er namnet til eit romvesen i filmen E.T. frå 1982:

Hovudlause høns

Organisasjonen International Academy of Astronautics bestemte i 2010 at dersom ein oppdagar mystiske signal, så skal ein først utelukke at opphavet ikkje stammar frå noko kvardagsleg, som ein mikrobølgjeomn.

Får ein stadfesta at signalet stammar frå verdsrommet, skal forskarane informere offentlegheita og generalsekretæren i FN. Men der stoggar planane.

Den nye forskarsamarbeidet si oppgåve vert å finne ut kva dei neste stega kan vere. Dei skal førebu seg på å analysere eventuelle mystiske signal eller objekt, og finne ut korleis verda skal svare.

– Vi treng strategiar og scenario på plass for å forstå kva vi treng gjere og korleis vi skal gjere det. Det er som speidarmottoet: alltid budd, seier Elliott til The Guardian.

Han peikar på at ein eventuell beskjed frå ein intelligent sivilisasjon i verdsrommet vil vere eit vendepunkt for menneskeslekta.

– Sjå på rotet vi laga då Covid kom. Vi hadde vore som hovudlause høns.