Hongkong opphever korona-forbod mot hamsterar

No kan dyrehandlarar i Hongkong igjen importere hamsterar.

I fjor forbaud den kinesiske regionen import av hamsterar etter eit korona-utbrot i ein dyrebutikk. Elleve hamsterar som var importerte frå Nederland testa positivt for viruset.

Testing viste at sjukdommen kunne smitte over på menneske frå hamsterar, ifølge Vanessa Barrs, ein professor i dyrehelse ved City University i Hongkong. Rundt 2.000 hamsterar og andre smådyr vart dermed avlivne som eit førebyggande tiltak. Tusenvis skreiv under på ein kampanje i protest mot slaktinga.

Også hundar og kattar kan få korona, men det er lite som tyder på at sjukdomen lett vert spreidd over til menneske.

Hongkong har hatt nokre av dei mest omfattande covid-restriksjonane i verda. Førre månad letta regionen på nesten alle.

Louis Yeung eig ein dyrebutikk i Hongkong. Han seier til BBC at han håpar at han snart kan selje hamsterar igjen. Også i Hongkong er dyra populære kjæledyr, særleg blant born.


Les også: 7 av 10 kjøper julegåve til kjæledyret

MANGE GÅVER: Noreg er i verdstoppen i å kjøpa julegåver til kjæledyr. Berre USA handlar fleire gåver, viser ei ny undersøking frå Klarna. Foto: Pixabay