7 av 10 kjøper julegåve til kjæledyret

Mange nordmenn brukar mykje pengar på å handla julegåver til kjæledyra sine. Fremtiden i våre hender håpar alle vil tenkja på at dei kan kjøpa brukte gåver, gje ei oppleving eller laga ei heimelaga gåve i staden.

Norske kjæledyreigarar er i verdstoppen i å handla julegåver til kjæledyra sine. Berre USA handlar fleire gåver til kjæledyra, viser ei ny undersøking frå Klarna. Kommunikasjonsrådgjevar i Framtiden i våre hender, Elin Espmark Wibe, er kritisk til gåvetrenden.

– Det er jo først og fremst veldig koseleg at så mange vil inkludera kjæledyra i julefeiringa! Men, så er det jo slik at alt me kjøper og forbrukar krev ressursar frå jorda, så då har det litt å seia kva julegåver ein handlar. Mykje av det me butikkane sel er ting me ikkje tenkte at me trong før butikkane fortalde oss det. Ofte er det også veldig dårleg kvalitet. Men det finst heldigvis veldig mange miljøvennlege alternativ, seier ho.

Tenk kreativt

Elin meiner ikkje me må droppa julegåver til kjæledyra, men tenka oss godt om.

– Nei, det synest eg ikkje me treng å gjera. Viss du har veldig lyst til å gje ei julegåve til kjæledyret ditt så finst det jo mykje fint du kan gje som ikkje krev så mykje ressursar,  seier ho.

Det er dei vaksne sitt ansvar å tenka på dette, men Elin meiner mange treng ei påminning frå barna om å velja brukt eller gje ei oppleving i staden for ting kjæledyret ikkje treng.

KRITISK: Kommunikasjonsrådgjevar i Framtiden i våre hender, Elin Espmark Wibe, er kritisk til gåvetrenden. Foto: Privat

– Barn er jo ofta mykje betre enn vaksne når det kjem til å vera kreative, så eg tenkjer barn gjerna kan ta styringa på å koma på ei miljøvennleg julegåve til kjæledyret til familien. Kira og Fido blir nok gladare for ein ekstra lang tur i skogen, ei heimelaga gåve av noko som du har heime, eller noko ekstra godt å eta, enn for ein leike som blir fort øydelagd eller eit ubehageleg nissekostyme som blir lagt i ein skuff og ikkje brukt, seier ho.

Enormt forbruk

Ifølgje Framtiden i våre hender har forbruket vårt i Noreg fordobla seg sidan 1990. Nordmenn er òg dei som kjøper flest gåver til andre sine kjæledyr. Heile 31 prosent planlegg å gjera det.

– Butikkane har ei stor rolle i dette! Me blir selde massevis av produkt som blir raskt øydelagt til ein veldig billeg penge, og som ikkje er laga for å kunna reparerast. Ofte er tinga produserte på fabrikkar i land der det er mykje kjipare å jobba enn i Noreg, fordi det er billegare å laga tinga der. Dei burde selja produkt som varer lenge, og som kan reparerast. Og dei må passa på at dei som lagar tinga dei sel har det trygt og godt på jobb.

Miljøvennlege gåvetips:

  • Gje kjæledyret noko ekstra god mat.
  • Har du eit kjæledyr som likar å gå på tur? Gå ein ekstra lang tur ein dag i veka.
  • Har du eit lite dyr, som hamster eller rotte, kan du laga ein dorulltunell.
  • Har du eit dyr som likar å leika? Lag ei leike av dorull og ein hyssing.
  • Elskar kjæledyret ditt godbitar? Putt ein godis inn i ein einsleg sokk. Kjæledyret ditt vil kosa seg med å få godbiten ut.
  • Brukar kjæledyret ditt halsband? Då kan du laga pynt til det. For eksempel med perler.
  • Kjøp brukte gåver! Treng kjæledyret ditt ein ny sele, ei matskål eller noko anna? Sjekk bruktbutikkar eller salssider på nett.