Kråker skal plukka opp sigarettsneipar frå gatene

Opptrente kråker blir det nyaste verktøyet i svenske Södertälje for å unngå gateforsøpling.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at betre luftkvalitet på grunn av lockdown kan ha redda 800 liv i Europa. 


Corvid Cleaning er ei nystarta svensk bedrift som har spesialisert seg på å trena kråker opp til å plukke bos i bytte mot mat. Bedrifta meiner dette kan spara store summar for kommunane i reinhaldsutgifter.

Det skriv svenske Aftonbladet.

Frivillig arbeid

Villfuglane skal motiverast til å gjera arbeid mot å få ein matbit for kvar sneip dei leverer i ein maskin designa av Corvid Cleaning.

– Dei er villfuglar som deltek på frivillig basis, seier Christian Günther-Hanssen, grunnleggjar av Corvid Cleaning, til The Guardian.

Ifølgje Håll Sverige Rent vert det kasta rundt 1 milliard sneipar i svenske gater kvart år.

Les også: Forskarar har lært gullfiskar å køyra bil

Sneip full av plast

Ifølgje den norske bedrifta Sneipfritt endar om lag 2,4 millionar sneipar på norsk grunn årleg. I 2019 var sneipen det mest representerte avfallet i Oslo, og ser ut til å vera ein trend som gjeld for heile verda.

– Uansett kor du kastar ein sneip – på bakken, i skogen, i elva eller når du dyttar den ned eit kumlok, så endar han opp med å forureine naturen og havet, skriv bedrifta på sine sider.

Ein sneip inneheld nemleg 95 prosent plast og kan bruka opp til 15 år på verte broten ned naturleg. Plasten i sigarettsneipar er òg veldig giftig, og inneheld tungmetall og kreftframkallande stoff som er skadeleg for dyr, plantar og miljø, skriv Forskning.no.

Les også: Denne frosken er kalla opp etter Greta Thunberg

Kan spara enorme summar

I Södertälje brukar dei om lag 20 millionar svenske kroner på gatereinhald i året. Günther-Hanssen meiner kråkehjelpa kan spara minst 75 prosent av kostnadane som går til å plukka opp sneipar i byen.

Byen skal no rulle ut eit prøveprosjekt, før dei eventuelt startar reinhaldsarbeidet med kråkehjelp i heile byen.