Forfattar Nora Dåsnes kjenner seg att i Sara (11)

Forfattaren og illustratøren Nora Dåsnes kjenner seg att i bokkarakteren Sara, som overtenkjer og er mørkredd.

– Eg kjende meg veldig igjen i Sara fra Kys Mik av Mari Grydeland, fordi vi overtenker på same måte (berre at når Mari skriv det, blir det morosamt i staden for berre krise). I tillegg er vi begge mørkredde, sjølv om eg ikke blir like livredd som ho.

Det svarar ungdomsbokforfattar og illustratør Nora Dåsnes på spørsmålet om kva bokkarakter ho kjenner seg mest att i.

Illustratøren har laga teikningane til ungdomsromanen Kys Mik av Mari Grydeland, så ho kjenner godt til 11 år gamle Sara i boka.

Teikna heile livet

26 år gamle Nora Dåsnes frå Oslo har teikna og skrive bøker heile livet.

Ho var berre 24 år gamal då ho i 2020 gav ut teikneserieromanen Ti kniver i hjertet!, som fekk fleire prisar.

I år fekk ho Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur for sin andre teikneserieroman, Ubesvart anrop. 

I tillegg har ho gjeve ut biletboka La skogen leve! og illustrert bokserien Vesle vil også…

Den grafiske romanen Ubesvart anrop! vart hylla av kritikarar og fekk fleire prisar. Illustrasjon: Nora Dåsnes/Aschehoug

Sjørøvarar og holocaust

– Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?
Eg vart lesen for kvar kveld i oppveksten. Gjerne bøker frå biblioteket. Trur min familie står for minst 50 % av utlånet på Musenes brannstasjon på Deichman Torshov, til dømes. Mamma og pappa las Astrid Lindgren, Roald Dahl, Tove Jansson, og Harry Potter-bøkene, for å nemne nokre veldig få. Og farmor måtte lese Skatten på sjørøverøya kvar gong eg overnatta hjå ho.
Skatten på sjørøverøya er skriven av Robert Louis Stevenson. Omslag og illustrasjonar: Offentleg eigedom, av Georges Roux.
– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?   
 I tenåra blei eg heilt oppslukt av Ringenes herre, og las alt eg fann av Tolkien, inkludert Ufullendte fortellinger.
Litt seinare blei eg veldig fascinert av Kafka på stranden av Haruki Murakami. Det var første gong eg las ei bok kor det skjer magiske ting som ikkje får noko forklaring, og eg syntest det var utruleg fascinerande at det også gjekk an. Og så var Maus av Art Spiegelman ei bok som både rysta meg og som viste meg kva teikneseriemediet kan romma.
Den Pulitzer-vinnande grafiske novella Maus: En overlevendes fortelling (1980) av Art Spiegelman handlar om korleis teikneserieskaparens far overlevde holocaust. Foto: Art Spiegelman