Julekalender -24. desember

Som du kanskje har fått med deg i denne julekalenderen, er jula eit sammensurium av tradisjonar, eldre og nyare historie. Her kjem jule-funfacts!

Ordet nisse kom i bruk på 1600-1700-talet, og kjem frå det danske ordet Nils.

Den norske urnissen var liten og gråkledd med raud topplue. Første gong me høyrer om nissen som skapning, er på Island allereie på 900-talet. Nissen var ein av dei viktigaste hjelparane på garden. Han passa på dyra, og sørga for at alt var i orden. Difor satt ein ut mat til nissen, som graut med smørauge på julafta. Smørauget var viktig, det var dyrt og rekna som festmat på den tida.

JULEBUKK: Svensk julebukk med nisse og julegåver av eventyrteiknaren John Bauer i (1912)/Wikipedia

I Noreg i dag er det mellom 300-350.000 menneske som set ut graut til julenissen.

Julenissen er ein blanding av fleire heidenske og kristne figurar. Blant anna Sankt Nicholas (Nikolas av Myra (Tyrkia)), Odin/Wóden, den keltiske Holly King, tyske Sinterklaas, norske og nordiske tomter/nissar og mykje anna.

Myten om at slemme barn ikkje får gåver stammar frå historiane om Sankt Nikolas. Han kom den 6.desember med gåver til snille barn. Historia seier at dei borna som ikkje hadde vore snille blei trua av Svarte-Peter.

Sankt Nikolas blir feira i Nederland 5. og 6. desember kvart år. Då har dei eit opptog der Sinterklaas, ein slags nederlandsk julenisse, og hjelparen Zwarte Piet (Svarte Petter) kjem med gåver. Foto: Michell Zappa/CC BY-SA 2.0-lisens

Det var den amerikanske forfattaren Washington Irving som fant på at julenissen flaug oppe i skyene for å levera gåver. Han er kanskje mest kjent for The Legend of Sleepy Hollow og Rip Van Winkle. Historia med julenissen i lufta er frå novellesamlinga The Sketch Book of Geoffrey.

Odin sin hest Sleipnir. Foto: Wikipedia

 

Julenissen sine reinsdyr er basert på den norrøne guden Odin sin hest Sleipnir. Dei amerikanske navna du kanskje kjenner stammar frå diktet A visit from St. Nick av Clement Moore frå 1823. Rudolf kom ikkje med før i 1939, då som reklame for butikken Montgomery Ward.

The “Merry Old Santa Claus” av Thomas Nast. Kjelde: Wikimedia Commons

Coca Cola sin julenisse blir framleis brukt til å selja brus i juletida av brusprodusenten. Men han er ikkje laga av Coca Cola. Han blei teikna av teiknaren Thomas Nast, som jobba i det amerikanske politiske magasinet Harper’s Weekly, i 1860.

Frå gammalt av varte jula fram til tjuandedag jul, altså den 13. januar. På den tjuande dagen skulle ein gå frå rom til rom og jaga ut jula med bjørkeris.

Biskop Liberius av Roma bestemte kva dag me feirar jul.

Det var biskop Liberius av Roma som bestemte at me skulle feira julafta og Jesus sin fødsel 24/25 desember. Det bestemte han i år 354.

Det var lenge strengt forbode å feira jul i mange amerikanske statar. Dei puritanske protestantane meinte at jula var ein menneskeskapt dag, og dermed ikkje heilag. Ikkje før 26.juni i 1870 blei jula ein offisiell høgtid i USA. I Oklahoma ble ikkje jul ei lovleg høgtid før i 1907.

Mange kristne nasjonar hadde forbod mot juletre fram til 1640. Bakgrunnen var at det var ein heidensk skikk.

Juletrefest med festpynta barn i gamle dagar. Foto: Anders Beer Wilse / Oslo Museum.

Tradisjonen med å gå julebukk stammar frå gamle hedenske feiringer av guden Tor, slakting av geiter, og å minnast dei daude. Ein skulle gjerne kle seg i skumle klede, eller klede etter folk som hadde døydd.

Den norrøne guden Balder teikna av Elmer Boyd Smith i bildet “Each arrow overshot his head”.

Å henga ein kvist med misteltein over døra er kanskje den eldste norske juleskikken du kan følga. Det er basert på den norrøne myta om at Balder blei drept av ei pil av misteltein. Mor hans Frøya grein kvite bær som gjorde han frisk igjen. Ho hengte så opp mistelteinen og velsigna den slik at alle som gjekk under den skulle få eit kyss.

Me i Norden er dei einaste som feirar Luciadagen. Dagen baserer seg på den heilage Lucia fra Siracusa på Sicilia i Italia. Den blei innført i Sverige på slutten av 1800-talet, og det var slik tradisjonen kom til Norge. For italienerane er Lucia ein historisk helgen som dei har gamle bilete og statuar av.

«Den heilage Lucia» av Francesco del Cossa i 1473.

Dei første julekorta dukka opp i London i 1843. Dei blei laga for å selja frimerke.

Julesongen Jingle Bells var eigentleg ein song som blei skriven til Thanksgiving.

Nokre meiner at tradisjonen med pepperkakehus stammar frå eventyret om Hans og Grete, og heksa sitt godterihus. I Tyskland kallar dei ofte husa for Hexenhaüsle, som betyr heksehuset på tysk.

Det er kjekt å laga pepperkakehus før jul. Foto: Ron Sumners/Colourbox