Julekalender -23. desember

Me som bur på den nordlege delen av jordkloden, er inne i dei dagane med minst dagslys gjennom året, og me markerer at sola er på veg tilbake. Men me er ikkje dei einaste som feirar at sola snur.

Sidan jordkloden er rund, og jorda går i bane rundt sola, skjer solsnu på ulike tidspunkt i dei ulike landa på jordkloden.

I Thailand har dei lysfestivalen Loy Krathong, der dei set mange tusen lys ut på vatn slik at lysa seilar nedover vatn og elvar ved fullmånen. Datoen for lysfesten varierer frå år til år. I år var den tysdag 8. november.

Ein familie set ut lys på elva under Loy Krathong. Foto: John Shedrick

Hinduane og sikhane feirar lysfesten Diwali når vinterklimaet startar i India. På sjølve festdagen tenner innbyggarane i India milliardar av små oljelampar, stearinlys og elektriske lys, slik at ingen krok er mørk. Dagen for Diwali varierer frå år til år. I 2022 var Diwali 24. oktober.

Rangoli av lys i høve Divali. Foto: Subharnab Majumdar

I Kina feirar dei nyttår frå første nyttårsdag. Den fjorten dagar lange feiringa blir avslutta med ein stor lanternefestival, der ein pyntar med lykter i kunstferdige utformingar.

Asiatiske lanterner i høve kinesisk nyttår. Foto: #52179/Colourbox

Under muslimane sin heilage fastemånad Ramadan sluttar fasten når mørket kjem om kvelden, ein tenner lys og et eit godt måltid. Ein del av festen er å sørga for at dei fattige òg får eit godt måltid. Ramadan skjer på ulike tidspunkt frå år til år. I 2022 varte Ramadan frå kvelden 1. april til kvelden 1. mai.

Den tyrkiske moskeen i Istanbul “Blue Mosque” er lyssett under Ramadan. Foto: Sergii/Colourbox

Aton var egyptarane sin solgud. Han er óg kalla Aten. Aton blei tilbedt i eigne tempel utan tak, slik at strålene hans kunne forsyna seg direkte av ofra som blei bore fram for han. Hans hovudkultstad var Akhetaten, som låg i ørkenen. Atenismen blir rekna som det første forsøk i historien på monoteisme, at ein berre skal ha èin gud, og den første religionen med éin stiftar.

Aton avbilda i kunsten frå Tutankhamun si trone, kanskje opprinneleg gjort for Akhnaton.