Julekalender -22. desember

Jula er rett rundt hjørnet, med julepresangar, julemat, julefeiring og alt mogleg julegøy! Men kva betyr ordet «jul», og kor kjem det frå?

Jul er ordet alle landa i Norden kallar den heidenske festen som blei feira rundt vintersolverv. Norden og England er dei einaste områda der det gamle heidenske namnet for solvervsfesten overlevde innføringa av kristendomen.

Menneska som levde i Norge før landet blei kristna frå cirka 850 til midten av 1000-talet, blir kalla heidningar. Etter innføringa av kristendomen blei jula ein fest til minne som Jesus sin fødsel.

Ordet jul, stammar frå det norrøne ordet jólablót, eller jól. Ordet stammar frå det proto-germanske ordet jehwlą som betyr feiring. Det protogermanske språket er opphavet til alle germanske språk, blant andre tysk, engelsk, nederlandsk og skandinaviske språk. Har du kanskje merka at desse landa har ganske like språk? Dette er årsaka til det.

Jól var den heidenske feiringa av midtvinter den 12. januar. Festen haldt dei for eit godt år, og dei drakk juleøl for å minna dei norrøne gudane.

Yggdrasil er namnet på verdenstreet som vikingane trudde var sentrum for verda deira.
Illustrasjon: Finnur Magnússon. Bilete henta frå Halvard F. Grønning Figenschoue Gaia/Flickr/CC BY 2.0