Elgen er mest redd for menneska

Mange elg blir påkøyrt av toget. No har forskarar funne ein måte å skremma elg vekk frå toglinja. 

Elgen er i hjortedyrfamilien og verdas største hjortevilt. Den er det største landpattedyret  i Norge, og skil seg frå andre hjortedyrartar i størrelse og utsjånad. Dei største hannelgane kan vega opp mot 800 kg. Difor blir den kalla skogens konge.

Elg går over toglinjer og bilvegar fordi dei går rett gjennom beitemarkene deira. Elgen går over for å finna seg mat.

Når forskarar har filma frå toget, ser dei at elgen ofte ikkje blir redd når det nærmar seg, sjølv om lokomotivføreren tutar i varselsignalet.

Difor klarar mange elgar ikkje å forstå at det er farleg å gå på toglinjer, og dei blir påkøyrd av toget. Elg går òg ofte over bilvegar, der dei somme tider blir påkøyrd. Det er både trist for elgen, og for dei som køyrer på den.

Elg går ofte over vegen fordi den går rett gjennom beiteområdet. Foto: Galyna Andrushko/Colourbox

Forskarar har laga eit eksperiment for å finna ut kva lydar elgen blir mest redd av. Dei har satt opp salte steinar som elgen likar å slikka på. Sånn har dei lokka dei til ein spesiell stad i skogen.

Der har dei sett opp høgtalarar som har sendt ut ulike lydar. Dei filmar òg elgen, for å sjå korleis dei reagerer på ulike lydar.

Forskarane har brukt to ulike lydar som elg koplar med fare, nemlig ein jakthund som bjeffar og eit menneske som snakkar.

I tillegg har dei brukt fuglelydar, som elgen ikkje burde bli redd av.

Det viste seg at elgen var mest redd for menneskelydar.

Det er veldig skummelt når elgen går over toglinjene, for den er ikkje redd for toget. Foto: Colourbox

Forskarane har òg sett at elgen er meir redd for våre stemmer enn for toget sine varselsignal.

Det er viktig å finna nye måtar å skremma elg frå toglinja og frå vegane våre.

No lurer forskarane på:

Kanskje me kan setta på høgtalarane som sender ut snakkelydar langs vegar og toglinjer for å skremma elgane?