Julekalender -17. desember

For over 2500 år sidan starta dei gamle romarane ein midtvinterfestival som skapte tradisjonar me den dag i dag held fast ved.

I år 496 fvt innstifta konsulane Sempronius Atratinus og Minucius Augurinus offisielt den romerske julefesten Saturnaliaen, til minne om jordbruksguden Saturn si tid og fruktbarheitsguden som var Jupiters far i tidenes morgon.

Det var ein munter fest, der alle hadde fri og ein samla seg i heimane. Samfunnsnormene blei snudd på hovudet, som gav feiringa eit karnevalsk preg. Festen starta 17. desember, og varte i fleire dagar, fram til vintersolverv, dagen då sola snur og det blir lysare tider. Dei feira at sola igjen skulle skina på markene, og gi liv til det som vaks.

Escultura «Saturnalia», moderne argentinsk statue, slik ein tenker seg antikkens romerske midtvinterfest.

I Saturnaliaen finn me elementa me i dag set slik pris på ved julefeiringa

  • Tente lys
  • Festemåltid
  • Dei gav kvarandre gåver
  • Nøtter
  • Dadlar og fiken
  • Pepperkakemenn
  • Den romerske versjonen av mandelen i grauten, der ein heldig innbyggjar fekk kakestykket som inneheldt ei bønne. Hen blei dermed konge for ein kveld.