Julekalender -16. desember

Lurer du på kvifor me gir julepresangar? Her får du svaret!

Mange trur at tradisjonen stammar frå gåvene som dei tre vise menn gav til Jesusbarnet i krybba. Men det kan faktisk vera at romarane (753 fvt.-476 evt.) er trendsettarane. Dei gav nemleg gåver i høve ein festival i desember. Det kan du lesa meir om i kalenderen vår i morgon.

Ikkje nok med at biskopen Sankt Nicolas som levde på 300-talet likna litt på den noverande julenissen, med langt kvitt skjegg, raud kappe med gulldetaljar. Han gav òg gåver.

Den eldste kjende referansen til julegåver i Norden er frå Eirik Jarl sitt hoff på 1000-talet. Jarlen gav menna sine gåver den åttande juledagen, på nyttårsdagen.

Det blei først vanleg blant vanlige menneske å gi julegåver på 1800-talet. Foto: Colourbox.

I middelalderen (476-1453) fekk særleg tenestefolk nyttårsgåver. Skikken haldt fram til midten av 1600-talet, då ein starta å gi gåver på julafta.

Først på 1800-talet blei det vanleg å gi julegåver i vanlige familiar, og det blei vanleg at born òg fekk dei. På den tida fekk born vanlegvis klede, som strikkesokkar, vottar, kofter og huer.

Kva pakkar likar du best?

Kva pakkar likar du best?

Mjuke pakkar3
Harde pakkar21
Alle moglege pakkar!42
Svar totalt: 66