– Utsetting av fjellrev er ein suksess

Fjellrev frå avlsstasjonen på Oppdal klarar seg like godt etter at dei er satt ut som rev som er født i det fri.

Forskarar har jobba med å setta ut fjellrev som er fødd og oppvaksne på avlsstasjonen på Sæterfjellet i Oppdal i Trøndelag sidan 2005. Avlsprogrammet starta på grunn av at det var for få fjellrev i Norge.

Fjellreven er eit av våre mest trua pattedyr. Allereie på starten av 1900-talet var den nesten utrydda på grunn av pelsjakt.

Til no er det satt ut totalt 459 fjellrev i 9 ulike fjellområde.
– Litt overraskande fant me at revane frå avlsstasjonen på Sæterfjellet kjem like godt ut som dei som ble født i det fri. Dette er det viktigaste suksesskriteriet til eit program for bevaring som prøver å reetablera ein trua art gjennom utsetting, seier forskar Arild Landa i Norsk institutt for naturforskning (NINA), til forskning.no.

Fjellrevane som veks opp på Oppdal har minst mogleg kontakt med menneske i oppveksten. Slik held dei på sine naturlege instinkt, og dei klarer seg betre ute i naturen.