Julekalender -15.desember

Visste du at fleire land feirar jul etter at nordmenn flest har opna julepakkane?

Der er nemleg slik av dei fleste i den ortodokse kyrkja startar julefeiringa den 25. desember, etter ei lang tid med faste. Dei mange millionar ortodokse kristne feirar frå første juledag, samstundes med katolikkar og mange protestantar.

Julefasten startar 15. desember, 40 dagar før jul. I fasten kan dei ikkje eta kjøt, fisk eller meieriprodukt. Det er like viktig å ikkje drikka alkohol, vera gavmild, vera tålmodig og å visa kjærleik. Etter 25. desember feirar dei ortodokse kristne fleire høgtidsdagar, blant anna Kristi dåp den 6. desember når borna får gåver.

Den ortodokse kyrkja er sett saman av 14 kyrkjer med eigne partiarkar i Konstantinopel, Alexandria, Jerusalem, Russland, Hellas, Polen, Romania, Serbia, Albania, Georgia, Kypros, Tjekkia og Slovakia.

Interiør i ei ortodoks kyrkje i Serbia. Foto: #1069

Dei ortodokse kristne feirar frå 25. desember fordi dei følger den julianske kalenderen som ligg 13 dagar etter den gregorianske kalenderen som me følger i Norge.

Den julianske kalenderen blei innført av Julius Cæsar i år 46 fvt. Men etter at ein fant ut at vårjamndøgn kom til å falla på ulike datoar etter nokre år, foreslo Pave Gregor den tredje å oppretta den gregorianske kalenderen. Norge og Danmark innførte den gregorianske kalenderen i år 1700, og med det blei februar kortare, og me har skotår.

I den ortodokse julefeiringa er det fokus på røykelse og tradisjonell mat. Foto: Slavica Stajic