2 millionar gammalt DNA funne på Grønland

Dei siste åra har forskarar klart å hente ut DNA frå gamle knoklar, frå jord i grotter og botnen av innsjøar. Arvestoffet fortel både om naturen og menneska i fortida.

Bjørk, hare, reinsdyr, gjæser og dei digre elefantdyra mastodontar er nokre av artane som er funne i 2 millionar år gammalt DNA frå Grønland. Dette skriv Nynorsk pressekontor. 

Prøvene er tekne frå ei hundre meter tjukk samling med lause massar som samla seg ved munningen til ein fjord nord på Grønland. Sediment kan bestå av bitar og partiklar av stein, jord eller biologisk materiale, og desse hadde bygd seg opp over 20.000 år under ei mellomistid for omtrent to millionar år sidan.

Mastodontar, var digre elefantdyr som levde i Nord- og Sentral-Amerika fram til dei døydde ut for rundt 10.000 år sidan. Foto: Deyan Georgiev/Colourbox

 

På denne tida var det over ti grader varmare på Grønland enn i dag. I dag er cirka 81 prosent av landet dekt av is heile året, men for to millionar år sidan voks det fleire typar treslag på øya, viste DNA-analysen.

Forskarane fann spor av både bjørk, osp og vier. Men det gjorde også meir overraskande funn:

– Vi fann også hagtorn, barlind og tuja. Det er ikkje artar som ein knyter til Arktis i det heile i dag, seier Inger Greve Alsos, som er professor i biologi ved UiT og har bidrege med DNA-forskinga.